Marilyn Monroe Bakgrunn | Filmkarriere | Filmografi | NavigasjonsmenyWorldCatBIBSYSVIAFGNDLCCNISNIBNFBNF (data)LIBRISSUDOC
EinskildkvinnerFødde i 1926Døde i 1962USA-amerikanske skodespelararNorsk-amerikanararHollywood Walk of FameFolk frå Los Angeles
5. august1962Brentwood (Los Angeles)1. juni19265. august1962USAikonpersonifiseringHollywood1950-årablondinesymbolseksualitetLos AngelesfarVallejo i CalifoniaStavangerTwentieth Century FoxTony CurtisJack LemmonArthur MillerClark GableJohn F. KennedyRobert KennedyHollywood Walk of FameHaugesund
Marilyn Monroe
Hopp til navigering
Hopp til søk
Marilyn Monroe | |
Fødd | 1. juni 1926 Los Angeles |
Død | 5. august 1962 |
Yrke | skodespelar, filmskodespelar, modell, filmprodusent, songar, sjølvbiograf, Playmate |
Marilyn Monroe på Commons |
Marilyn Monroe (1. juni 1926–5. august 1962) var ein skodespelar frå USA. I ettertid er ho nytta som eit ikon og ei personifisering av det glamorøse livet knytt til filmbyen Hollywood i 1950-åra. Trass i lite glamorøs bakgrunn, slo ho seg opp som ei av dei største i filmverda. Ho vert vanlegvis hugsa som blondine og som symbol på seksualitet.
Bakgrunn |
Marilyn vart fødd Norma Jeane Mortenson i Los Angeles. Ho vart døypt Norma Jane Baker, då det var tvil om kven som var biologisk far. Martin Edward Mortensen, som på dette tidspunktet var gift med mora, stod oppført som far i fødselsattesten. Han vart fødd i Vallejo i Califonia 26. februar 1897, men far hans, Martin Mortensen, fødd 8. februar 1861 i Stavanger, utvandra derfrå i 1878. Mora, Gladys Baker, oppgav aldri kven som var far til dottera.
Etter lang tids sjukdom vart Gladys innlagd på ein mentalinstitusjon, og lille Norma Jeane voks opp både på barneheim og i fleire fosterheimar. Som 16-åring gifta ho seg med den fem år eldre naboguten Jimmy Dougherty. Under krigen arbeidet Norma Jeane som ei av mange kvinner på ein fallskjermfabrikk, der ho heilt tilfeldig vart oppdaga av fotografen David Conover som kom for å ta bilete til The Yank Magazine. Ho var ein fotografs «drøym». Dette vart starten på ein modellkarriere med suksess, noko som og var årsaka til Norma fekk den første kontakten med filmstudioa.
Filmkarriere |
I 1946 signerte ho den første kontrakta si med Twentieth Century Fox. I mellomtida hadde ha også teke ut skilsmisse frå Dougherty. På filmstudioet og oppfordring frå agenten bleika ho håret blondt og endra namnet sitt til Marilyn Monroe. I åra fram til ho døydde så alt for tidleg i 1962, spela ho i ei rekkje filmar, ho gjorde blant anna ein ugløymeleg innsats som Sugar Kane i den legendariske komedien Nokon har det heitt (Some like it hot), der ho spela mot Tony Curtis og Jack Lemmon. Hennar største prestasjon, og første verkelege dramatiske rolle, gjorde Marilyn i den siste fullførde filmen sin, The Misfits av av forfattar-ektemannen Arthur Miller. Dette vart elles den siste rolla for motspelaren Clark Gable.
På sine 36 leveår rakk Marilyn å gifte seg tre gonger, samt pleie forhald til høvesvis John F. Kennedy, Robert Kennedy og nokre andre menn. Ho rakk og å fullføre heile 29 filmar og starte eige produksjonsselskap, Marilyn Monroe Productions, saman med fotograf og ven Milton Greene, før ho, sannsynleg tok sjølvmord i 1962. Ho hadde akkurat vorte sparka frå rolla si i den aldri fullførte filmen Something's Got to Give grunna utilrekneleg framferd, og ho skal visstnok ha vorte dumpa av begge Kennedybrørne. Den offisielle dødsårsaka var ein overdose Nembutal, men det har sidan versert ei rekkje meir eller mindre godt funderte teoriar ikring dødsårsaka.
Marilyn Monroe har fått ei stjerne på Hollywood Walk of Fame. I Haugesund er det sett opp ei statue av henne
Filmografi |
Something’s Got to Give (1962)
The Misfits (1961)
Let's Make Love (1960)
Some Like It Hot (1959)
The Prince and the Showgirl (1957)
Bus Stop (1956)
The Seven Year Itch (1955)
There’s No Business Like Show Business (1954)
River of No Return (1954)
How to Marry a Millionaire (1953)
Gentlemen Prefer Blondes (1953)
Niagara (1953)
O. Henry's Full House (1952)
Monkey Business (1952)
Don’t Bother to Knock (1952)
We’re Not Married! (1952)
Clash by Night (1952)
Let’s Make It Legal (1951)
Love Nest (1951)
As Young as You Feel (1951)
Home Town Story (1951)
Right Cross (1950) (uncredited)
All About Eve (1950)
The Fireball (1950)
The Asphalt Jungle (1950)
A Ticket to Tomahawk (1950) (ukreditert)
Love Happy (1949)
Ladies of the Chorus (1948)
Scudda Hoo! Scudda Hay! (1948)
Dangerous Years (1947)
|
Kategoriar:
- Einskildkvinner
- Fødde i 1926
- Døde i 1962
- USA-amerikanske skodespelarar
- Norsk-amerikanarar
- Hollywood Walk of Fame
- Folk frå Los Angeles
(window.RLQ=window.RLQ||[]).push(function()mw.config.set("wgPageParseReport":"limitreport":"cputime":"0.240","walltime":"0.309","ppvisitednodes":"value":477,"limit":1000000,"ppgeneratednodes":"value":0,"limit":1500000,"postexpandincludesize":"value":7378,"limit":2097152,"templateargumentsize":"value":173,"limit":2097152,"expansiondepth":"value":6,"limit":40,"expensivefunctioncount":"value":5,"limit":500,"unstrip-depth":"value":0,"limit":20,"unstrip-size":"value":0,"limit":5000000,"entityaccesscount":"value":1,"limit":400,"timingprofile":["100.00% 256.150 1 -total"," 79.84% 204.508 1 Mal:Infoboks_biografi"," 25.68% 65.783 2 Mal:Br_separated_entries"," 14.19% 36.351 1 Mal:Autoritetsdata"," 6.90% 17.685 2 Mal:KategoriKjønn"," 4.06% 10.401 1 Mal:Levde"," 1.77% 4.541 1 Mal:Manglar_kjelder"],"scribunto":"limitreport-timeusage":"value":"0.112","limit":"10.000","limitreport-memusage":"value":3606170,"limit":52428800,"cachereport":"origin":"mw1275","timestamp":"20190328204255","ttl":86400,"transientcontent":true););"@context":"https://schema.org","@type":"Article","name":"Marilyn Monroe","url":"https://nn.wikipedia.org/wiki/Marilyn_Monroe","sameAs":"http://www.wikidata.org/entity/Q4616","mainEntity":"http://www.wikidata.org/entity/Q4616","author":"@type":"Organization","name":"Bidragsytarar til Wikimedia-prosjekta","publisher":"@type":"Organization","name":"Wikimedia Foundation, Inc.","logo":"@type":"ImageObject","url":"https://www.wikimedia.org/static/images/wmf-hor-googpub.png","datePublished":"2006-11-15T14:20:16Z","dateModified":"2018-12-17T12:51:17Z","image":"https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/4/46/Marilyn_Monroe_in_1952_TFA.jpg"(window.RLQ=window.RLQ||[]).push(function()mw.config.set("wgBackendResponseTime":451,"wgHostname":"mw1275"););